søndag 11. oktober 2009

Skjerf



Har strikka eit skjerf i Sandnes mini alpakka. Mønsteret finn du her : Garnstudio.

Det blir ikkje laga så mykje av meg for tida. Eg har så lyst til å få sydd litt lappeteknikk, men for tida jobbar eg så mykje at det ikkje blir tid til meir. Forhåpentligvis skal eg få masse tid i november, for no gleda eg meg til jul og til å få laga juleting.

fredag 18. september 2009

Bukse i fleece

Bukse sydd i fleece fra Tygpyssling, dei har super service!
Har noken der ute tips om gode mønster på slike bukser i ulike størrelser? Denne er sydd etter Meedoms bok form 1, men den er litt høg i livet. Skulle også ønske meg eit mønster på ribben på buksa.

Lester

Nok eit par med lester. Et nøste med online- garn rekker til mange barnelester :-)

søndag 6. september 2009

Veske til mobiltelefonen


Har sydd ei veske til mobiltelefonen. Kjempe kjekt å sy ting ein finne ut at ein "treng" og så finne ut korleis ein skal sy det uten å ha mønster.

Genser og hue til dukke


Eg ordna litt i kista mi der eg har garn, og fann plutselig nokre dukkeklær. Dette er strikka for fleire år sida, då eg ikkje hadde dukke i hus som kunne bruke kleda. Det var litt kjekt å prøve dei på:-)

Nok ei hue


Den forrige eg laga blei litt trang så eg laga ei til litt større:-)

onsdag 2. september 2009

Hue


Hue etter eget mønster. Stoffet er frå Stoff og stil.