torsdag 31. desember 2009

Ønsker alle
eit riktig godt og kreativt
nytt år!!

mandag 28. desember 2009

Kjole i fleece


Kjole i fleece til nissefesten.

Tova hue og votter


Ekte nisse-hue og votter! Toving er alltid gøy!

søndag 11. oktober 2009

Skjerf



Har strikka eit skjerf i Sandnes mini alpakka. Mønsteret finn du her : Garnstudio.

Det blir ikkje laga så mykje av meg for tida. Eg har så lyst til å få sydd litt lappeteknikk, men for tida jobbar eg så mykje at det ikkje blir tid til meir. Forhåpentligvis skal eg få masse tid i november, for no gleda eg meg til jul og til å få laga juleting.

fredag 18. september 2009

Bukse i fleece

Bukse sydd i fleece fra Tygpyssling, dei har super service!
Har noken der ute tips om gode mønster på slike bukser i ulike størrelser? Denne er sydd etter Meedoms bok form 1, men den er litt høg i livet. Skulle også ønske meg eit mønster på ribben på buksa.

Lester

Nok eit par med lester. Et nøste med online- garn rekker til mange barnelester :-)

søndag 6. september 2009

Veske til mobiltelefonen


Har sydd ei veske til mobiltelefonen. Kjempe kjekt å sy ting ein finne ut at ein "treng" og så finne ut korleis ein skal sy det uten å ha mønster.

Genser og hue til dukke


Eg ordna litt i kista mi der eg har garn, og fann plutselig nokre dukkeklær. Dette er strikka for fleire år sida, då eg ikkje hadde dukke i hus som kunne bruke kleda. Det var litt kjekt å prøve dei på:-)

Nok ei hue


Den forrige eg laga blei litt trang så eg laga ei til litt større:-)

onsdag 2. september 2009

Hue


Hue etter eget mønster. Stoffet er frå Stoff og stil.

Genser


Genser i str 98, mønster fra Ottobre (huskar ikkje nummeret akkurat no). Stoffa er frå Stoff og stil.

lørdag 15. august 2009

Bukse i velour


Bukse i velour. Str 92-98. Mønsteret er mitt eige. Velour fra Stof2000 og Ribb fra Stoff og stil.

Genser


Genser i str 98, mønster fra Ottobre (huskar ikkje nr i farta). Stoff fra Stof2000.

Hue


Hue sydd av stoff fra Stoff og stil. Mønsteret er mitt eige.

Endelig tilbake

Etter ei laaaaaaaaaaaaaaaang bloggepause er eg endeleg tilbake. Håpar hausten skal innehalde mykje kreativitet. Planane mine er mange, men tida strekker ikkje alltid til:-)

torsdag 12. mars 2009

Fleecebukse


Fleecebukse i størrelse 86.

tirsdag 10. mars 2009

Omslagsbluse


Omslagsbluse sydd etter mønster fra Stoff og stil.

lørdag 7. mars 2009

Lester, lester og lester




Har strikka tre par lester. Eit par herrelester strikka av Løve Raggegarn, og to par barnelester strikka av online garn.

tirsdag 24. februar 2009

Genser


Genser i størrelse 86. Mønster fra Ottobre 3/2004.

søndag 22. februar 2009

Genser



Genser i str 86 sydd etter mønster fra Ottobre 3/2004.

onsdag 18. februar 2009

Genser


Genser str 92 sydd etter mønster fra Ottobre 1/2004. Det er ikkje så lett å sjå fargen på bilde, men den er lys brun. Genseren skal brukast på karneval i barnehagen. I lag med ei brun strømpebukse og med hale og kanskje noken dyreøyre på ein hårbøyle så blir ho nok eit flott lite jungeldyr.

søndag 15. februar 2009

Genser til voksen


Genser etter mønster fra Ottobre 2/2006.

mandag 9. februar 2009

Hals


Etter å ha vore inne på Blåbærtua sin blogg fant eg ut at eg skulle strikke meg en hals av garnrestane fra vesten. Halsen er strikka i garnet Alfa på pinner nr 7. Det var litt vanskelig å få tatt bilde av den, men sjå her for mønster og fleire bilder av korleis halsen kan vere.

søndag 8. februar 2009

Award


Eg har vore so heldig å få denne av Inger Lise. Tusen tusen takk, det blei eg kjempe glad for!!! Ser at veldig mange av dei bloggane eg følger, har fått denne. Sender den derfor videre til alle kreative bloggere som er innom bloggen min!

onsdag 28. januar 2009

Vest


Vest i voksen størrelse. Mønsteret er frå boka Strikk i en fei.

tirsdag 20. januar 2009

Genser


Genser i fleece i størrelse 86. Dette mønsteret er også hentet fra Blødt børnetøj.

søndag 18. januar 2009

Hue


Hue i fleece med tynn jersey som for. Mønsteret er fra boka Blødt børnetøj.

onsdag 14. januar 2009

Genser


I kveld har eg sydd denne genseren i størrelse 86. Mønsteret er frå Ottobre design 1/2008. Stoffa er frå Stof2000.

lørdag 3. januar 2009

Sminkeveske


Dette er ein ufo som eg har gjort ferdig i kveld. Den er opprinnelig sydd etter AnnaKas mønster på sminkeveske, men underveis skar eg feil og måtte dermed sy den sammen på ein anna måte enn fyrst tenkt.

Smukkesnor


Eg har sydd ei smukkesnor. Synest den blei ganske søt.

Lester


Nok eit par lester strikka i Løve Ragsokgarn.