lørdag 29. november 2008

Japanpakke


Broren min har vore i Japan og eg har vore så heldig og fått en kjempe presang. Tenk å vere så heldig og få ein heil haug med stoff frå Japan. I tillegg hadde han kjøpt noken bambusstrikkepinnar. Alt sammen var kjøpt på Nomura Tailor i Kyoto. På bilde kan dokke sjå alt sammen, det var virkeleg mykje. Tusen tusen takk !!!

lørdag 22. november 2008

Ny fleecebukse


Har sydd ei ny fleecebukse. Denne er i størrelsen 86, den andre blei litt for stor så den får ligge på vent ei stund.

søndag 16. november 2008

Genser og bukse i fleece




Har sydd bukse og genser i fleece. Dei er sydd i størrelsen 92. Mønsteret er frå boka Blødt børnetøj av Bechmann og Risager. Det er ei kjempe fin bok med mange fine mønster til klær i fleece til barn i alderen 0 til 3 år. Fikk tipset om boka fra bloggen til Lykketroll. Ho har sydd mange fine klær fra denne boka. Det var kjempe kjekt å sy barneklær, så eg har store planer om å sy meir. Har også kjøpt boka Børnetøj 0-3 år av Hanne og Sofie Meedom. Den var også kjempe fin med gode forklaringar.

onsdag 5. november 2008

Bamsefar


Her kjem bamsefar gåande. Har igrunnen lita tid til sying no, men eg bare må sy litt. Det enda opp med at eg syr litt seint på kveldane og det betyr igjen en del feilsying. Måtte le litt av meg sjølv når eg hadde sydd bamsen ferdig og plutselig oppdaga at beina var feil veg. Så då var det bare å rette opp feilen, men når sømmane kjem i feil rekkefølge blir resultatet litt annleis enn tenkt. Så dette blei en gåande bamse, med beina konstant i gå posisjon.