søndag 26. oktober 2008

Messe

Har vore på messe i dag. Eit lokalt idrettslag arrangerte messa og eg sto på stand for husflidslaget vårt. Vi var der mest for å vise oss fram i håp om å få fleire medlemmar. I siste liten bestemte vi oss for at dei som ville selge ting dei hadde laga kunne gjere det. Sjølv fant eg fram 6 pompadura og 1 par tova tøffler fra mitt overskudds lager. Av 7 ting fekk eg faktisk solgt 6 ting. Det var eg kjempe fornøgd med, det var ellers lite salg. På det eine bildet vises pompadurane mine og dei blå tøfflene.





lørdag 11. oktober 2008

Veske i japansk bretteteknikk


Eg har sydd ei veske i japansk bretteteknikk. Denne er faktisk handsydd. Eg har bare brukt symaskina til å sy på hankane. Eg er ikkje så gla i å sy for hand, eg likar best å sy med maskin så det er nesten utruleg at eg har klart å få den ferdig:-)