mandag 22. desember 2008

God jul
og
godt nytt år
til alle som er innom bloggen min!!

onsdag 17. desember 2008

Kortnissehue


Det skal vere nissefest i barnehagen og då må man ha nissehue. Eg har strikka ei kortnissehue, ho er jo ikkje ferdig utdanna nisse endå:-)

torsdag 11. desember 2008

3 nye velourbukser


I kveld har eg sydd 3 nye velourbukser. Eg fekk prøvd buksa eg sydde i går på. Den var litt for lang i livet og litt for slakk. Så eg har justert litt på mønsteret. No håpar eg berre at dei passar.

onsdag 10. desember 2008

Bukse i velour


I kveld har eg sydd denne buksa. Den er sydd etter mønster til bukse (form 2) i Meedoms bok Børnetøj 0-3 år. Den er sydd i størrelse 86, men ser ut til å vere stor i størrelsen. Stoffa er kjøpt hos Stof2000.

lørdag 6. desember 2008

Lester


Nye barnelester strikka i Regiagarn.

lørdag 29. november 2008

Japanpakke


Broren min har vore i Japan og eg har vore så heldig og fått en kjempe presang. Tenk å vere så heldig og få ein heil haug med stoff frå Japan. I tillegg hadde han kjøpt noken bambusstrikkepinnar. Alt sammen var kjøpt på Nomura Tailor i Kyoto. På bilde kan dokke sjå alt sammen, det var virkeleg mykje. Tusen tusen takk !!!

lørdag 22. november 2008

Ny fleecebukse


Har sydd ei ny fleecebukse. Denne er i størrelsen 86, den andre blei litt for stor så den får ligge på vent ei stund.