søndag 26. oktober 2008

Messe

Har vore på messe i dag. Eit lokalt idrettslag arrangerte messa og eg sto på stand for husflidslaget vårt. Vi var der mest for å vise oss fram i håp om å få fleire medlemmar. I siste liten bestemte vi oss for at dei som ville selge ting dei hadde laga kunne gjere det. Sjølv fant eg fram 6 pompadura og 1 par tova tøffler fra mitt overskudds lager. Av 7 ting fekk eg faktisk solgt 6 ting. Det var eg kjempe fornøgd med, det var ellers lite salg. På det eine bildet vises pompadurane mine og dei blå tøfflene.





lørdag 11. oktober 2008

Veske i japansk bretteteknikk


Eg har sydd ei veske i japansk bretteteknikk. Denne er faktisk handsydd. Eg har bare brukt symaskina til å sy på hankane. Eg er ikkje så gla i å sy for hand, eg likar best å sy med maskin så det er nesten utruleg at eg har klart å få den ferdig:-)

søndag 21. september 2008

Stor sminkeveske


Har sydd den store utgava av Annas sminkepung - AnnaKas mønster. Tenkte den kunne fungere som toalettveske for ei lita tulle på ett år :-)

Award


Har fått denne awarden av Inger Lise. Eg blei kjempe glad for den. Tusen tusen tusen takk!!! Sender den videre til Lappequri
og Fargerike.

fredag 19. september 2008

Barnelester


Lester strikka av Løvegarn. Dei er strikka til dattera mi. Dei var akkurat passelige, så eg trur eg må strikke noken som er litt større snart :-)

søndag 31. august 2008

Lester


Lester strikka med Austermann step, garn som inneheld Aloe Vera og jojoba olje. Desse skal få føttene mjuke. Det blir spennande å sjå om det virka.

lørdag 30. august 2008

Putetrekk


Har brodert og sydd eit putetrekk. Litt enkelt kanskje, men eg synest bokstavane er ganske fine.