mandag 5. mai 2008

Sminkeveske

Lita sminkeveske sydd etter AnnAKas mønster. Denne skal vere presang til ei venninde.

fredag 11. april 2008

Ku


Har sydd ei vinku i gave til tanta mi.

torsdag 6. mars 2008

Smekke


I kveld har eg laga ei smekke. Synst den vart ganske søt. Trur eg må trene litt meir på å sy runde hjørner, blei ikkje heilt bra men men.

onsdag 5. mars 2008

Prinsesseteppe


Mens eg lurte på korleis eg skulle lage augene på vognteppet begynnte eg på min versjon av prinsesseteppet.

Vognteppe ferdig


Det tar si tid, men no er endeleg vognteppet ferdig. Merkar at eg ikkje har så god tid med ein baby i huset. Eg strevde lenge med å finne ut korleis eg skulle få til augene. Dermed vart teppe liggande ei stund. På besøk hos tanta mi fekk eg dei eg brukte som eg synest vart veldig bra.

fredag 8. februar 2008

Stoffpakke frå USA


I går fekk eg stoff frå USA!! Har ikkje målt opp, men eg trur her er ca 21 meter så no er det bare å sy. Stoffa var restar på tilbod så det var kjempe billig.

mandag 4. februar 2008

Litt av det eg har laga tidlegare

Her er bilder av nokon ting eg har sydd tidlegare.